Kontakt og bestilling

Kontaktinfo og opningstid..

SESONGEN 2016: Overnatting: alle dagar. Kafe, g..
Les meir..

DOKTORGARDEN SELJE

Doktorgarden er ein sjarmerande og innhaldsrik vil..
Les meir..

Seljeseminaret

Søndag 30. april vert det seminar i Doktorgarden, som handlar om vikingtid og tidleg mellomalder i Nordfjord. Seminaret er ope for alle, og er frå kl 14 - 17.30. Kjem du litt tidleg, så er det lunsjservering frå kl 12.

 

Seminaravgift kr 250. Inkl. servering (kaffe/te, kake og småmat). Påmelding til torkjell@selja.no. Arrangør er Venner av Selja kloster i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Statsarkivet i Bergen og Stiftinga Sagastad.

Program:

Yngve Nedrebø: Kom nordfjordingane som Sunniva frå vest over havet? Nye gentestar kan fortelje mykje om folkegrupper sitt opphav. Testane gir heilt ny kunnskap om befolkninga dei siste 10.000 åra, dvs. tida etter siste istid då det har budd mennesker på Vestlandet.  Det har vore fleire bølgjer med innvandring, særleg frå vest. Sunnmøre, og delvis Nordfjord, vart eit kjerneområde for "urbefolkninga". Ny genteknologi gjev oss ny kunnskap om dei gamle nordfjordingane. Bli med på ei reise gjennom befolkningshistoria på Vestlandet. Yngve Nedrebø (f. 1954) er historikar og statsarkivar i Bergen.

Berit Gjerland: Vikingtida i Nordfjord. Kva seier kjeldene? Vikingtida er den perioden i førhistoria som folk flest har høyrt mest om og har eit forhold til. Kva veit ein likevel om desse hundreåra i Nordfjord? Finst det fleire kjelder? Var samfunnsforholda eins i heile Nordfjord?  Berit Gjerland (f. 1954) er arkeolog i Nærings- og kulturavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Harald Krøvel: Runer i Nordfjord. Det har vore rista runer i Nordfjord i ein periode på tusen år. Nokre av innskriftene er også særmerkte i nasjonal samanheng. Kva var den historiske bakgrunnen for innskriftene frå Nordfjord? Harald J. Krøvel (f. 1970) er høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Volda.

Tøger Lien: Prosjekt Sagastad på Nordfjordeid. Sagastad skal etablere og drive eit viten- og opplevingssenter for vikingtida, bygd på funna på Myklebust på Nordfjordeid. Ein sentral del av utstillinga i vert ein rekonstruksjon av Myklebustskipet, truleg det største vikingskipet ein har funne restane av. Tøger Lien (f. 1945) var styreleiar i Sagastad-prosjektet 2010-2016, og er no styremedlem. Han er pensjonist med bakgrunn i næringslivet.

 

Copyright © 2009 Doktorgarden   webutvikling og webdesign av CodeService.no

Telefon (+47)909 29 771 (Anna) eller (+47)901 86 882 (Torkjell)