Kontakt og bestilling

Kontaktinfo og opningstid..

SESONGEN 2016: Overnatting: alle dagar. Kafe, g..
Les meir..

DOKTORGARDEN SELJE

Doktorgarden er ein sjarmerande og innhaldsrik vil..
Les meir..

Boka "Gamle Selje"

Bok med kulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide

Boka "Gamle Selje" kom ut i 2010 og inneheld eit utval tekstar med lokalhistorisk stoff frå Selje. Her er kloster og kyrkje, song og dans, rim og reglar, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir.

Reidar Djupedal (1921-89) frå Selje var språkforskar og kulturhistorikar. Han var oppteken av både historie og historier, og skreiv gjennom heile livet ned folkeminne frå heimbygda. I denne boka om "Gamle Selje" har Ove Eide skrive ei innleiing og samla eit utval av Djupedal sine tekstar med emne frå Selje. Her handlar det om kloster og kyrkje, livet i gamle dagar, song og dans, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir. Fleire av tekstane er skrivne på dialekt, der forteljinga om onkelen Jakob Djupedal sine opplevingar i Kanada utmerkar seg.

Reidar Djupedal var cand.philol. frå Universitetet i Oslo 1950, med hovudoppgåve om Ivar Aasen. Han arbeidde ved universiteta i København, Oslo og Bergen før han vart professor ved Universitetet i Trondheim i 1969. I "Store norske leksikon" er Djupedal omtala som "i sin tid den fremste kjenneren av Ivar Aasens liv og verk... Djupedal publiserte en mengde bøker og artikler av høy faglig kvalitet." I nettleksikonet"Allkunne" vert Djupedal omtala som ”ein av dei store kulturhistorikarane på 1900-talet.Sjølv om Reidar Djupedal store delar av livet budde andre stader, heldt han god kontakt med heimbygda, og Selje hadde alltid ein stor plass i livet hans.Boka er rikt illustrert med kring 135 gamle bilete frå Selje, mange av dei tekne av Kristofer Djupedal (1877-1963), far til forfattaren.Ove Eide (f. 1950) er lektor og forfattar frå Sandane. Han har skrive fleire bøker, m.a. biografien om Jakob Sande, historia om Firda gymnas, og historia om Sandane Turn- og idrettslag. Han har òg skrive artiklar om mange ulike lokalhistoriske emne.

Boka får du kjøpe i Doktorgarden, der det er eit stort utval bøker, særleg frå Selja Forlag. Du finn også omtale og meir informasjon om bøkene på www.selja.no.

Copyright © 2009 Doktorgarden   webutvikling og webdesign av CodeService.no

Telefon (+47)909 29 771 (Anna) eller (+47)901 86 882 (Torkjell)